 | Nissen helsar |
Da var kjekt å sjå så mykje folk på Nissemarsjen. Dette er kopiert ut av avisa Kvinnheringen som var på Hjelmeland:Med snø, rundt null grader og mykje folk vart nissemarsjen i Omvikdalen ein skikkeleg romjulsfest. Med faklar og lykter la dei 85 marsjdeltakarane ut på ein rundtur frå Omvikdalen skule, rundt Hjelmeland og tilbake til skulen. Ei løype på 2,5 kilometer. Hjelmelandsnissen hadde utsett returen til Nordpolen for å få med seg denne folkefesten. Han møtte følgjet på Hjelmeland med munnspelmusikk, freske fråspark og godteri, til stor glede både for store og små. Den godlynte nissen som ikkje hadde fått nok av julearbeid, fekk marsjdeltakarane med på allsong før dei toga vidare. Tilbake på skulen vart dei nøgde romjulstrimmarane møtt med varm kakao og medalje for gjennomført nissemarsj. Men Omvikdalen idrettslag er ikkje åleine om å arrangera nissemarsj. Når romjula er over vil i alt 452 nissemarsjar med rundt 30.000 deltakarar vera avvikla rundt om i landet. – Det er Norges gang- og mosjonsforbund som står bak dette arrangementet. Omvikdalen idrettslag arrangerer nissemarsjen for andre gong. I fjor var det 60 deltakarar, i år var vi 85. Heilt fantastisk, sa ein glad Gunnar Helleland i arrangementskomiteen. Ingen tvil om at nissemarsjen er eit tiltak som skapar aktivitet, samvær og litt ekstra juleglede i lokalmiljøet. |