Framsida
Hovudside
Styret i OIL
Vedtekter
Styringsdok.
Møter OIL
Kontakt oss
Resultatlister
Ski
Friidrett
Idrettsmerke
Tur
Turngruppa
Økonomigruppa
Ikkje Dytt
Valnemd
Nyhende
Kontakt oss
Kontakt person finn du under dei forskjellige gruppene.

Årsmelding 2010

Klikk på bilete for full storleik
 
Klikk på bilete for full storleik

Årsmelding for Omvikdalen Idrettslag 2010

 

Årsmelding for styret i Omvikdalen Idrettslag 2010

Styret har i 2010 vore samansatt slik:

Leiar: Eli Margrete Oppheim

Nestleiar: Atle Falk

Kasserar: Johnny Flatebø

Skrivar: Elisabeth Berg Hass

Styremedlem: Stig Omvik

Vara: Johan Arne Olsen

Vara: Johan Feet

Laget har følgjande undergrupper:

Ski, Økonomi, Idrettsmerkeutval, Tur, Sykkel, Turn og «Ikkje dytt».

Gruppeleiarane skriv årsmelding for kvar gruppe.

Sykkelgruppa si spinning på Løfallstrand har også i år vore svært populær. Det er behov for

instruktørar til spinning, og utbyggingsgruppa jobbar framleis med å få realisert eit tilbygg til gymsalen slik at syklane kan koma heim til Omvikdalen.

Turngruppa har god aktivitet, med barnetrim i fleire årsklassar, samt dametrim og herretrim. I haust fekk gruppa ikkje trenarar til 4.-7.trinnsgruppa, dermed var det ingen aktivitet her då.

Turgruppa har merka løyper, økonomigruppa har samla sponsarar, idrettsmerkegruppa har delt ut idrettsmerker, medan skigruppa den siste tida har ligge nede av mangel på ressurspersonar til å dra aktivitetar i gong. Her trengs redningsmenn/-kvinner: snarast!!

Det har vore ni ordinære styremøte i år. Oppmøtet har ikkje alltid vore så bra, særskild dei to fyrste styremøta i 2010 var det dårleg oppmøte på. Ein må vera gild å gje ein lyd om ein ikkje kjem. Den 5.desember 2010 gjekk julematineen av stabelen. Greitt oppmøte, sjølv om det var same dagen som Rosendal musikklag heldt sin. Vi fekk utruleg mange flotte premiar inn i forkant, noko som resulterte i 40.000 kroner til idrettslaget.

Dagen før nyttårsaftan heldt idrettslaget Nissemarsj rundt Hjelmeland. Også i 2010 blei dette ein populær affære, med heile 85 deltakarar som med faklar og lyktar marsjerte den 2,5 kilometer lange løypa.

Medlemstalet i Omvikdalen Idrettslag var i 2010 på 311 personar.

Styret vil takka alle for eit aktivt år, og takk til alle som stiller opp for idretten i dalen.

Vel møtt i 2011.

Helsing Styret.

Vidare fylgjer meldingar til årsmelding 2010 frå Gruppene i laget :

Årsmelding for Omvikdalen Idrettslag 2010

 

SYKKELGRUPPA:

Aktiviteten i sykkelgruppen har i 2010 vært litt dalende og tilbakegangen er merkbar. Dette gjelder ikke spinninggruppen. Her er aktiviteten fortsatt svært god. I starten av sesongen var også treningen utendørs bra, men utover i sesongen ble aktiviteten mindre.

Når det gjelder spinning er sktiviteten høy. Gruppa har lokalitet i ”Gamleskulen” på Løfallstrand. Vi har i dag 10 timer med spinning pr. uke som ledes av 8 stk instruktører, som alle gjør en svært god jobb for Idrettslaget. Kapasiteten er sprengt, selv om en gikk til innkjøp av nye sykler. Det ble først kjøpt inn 4 stk sykler fra Aktiv Fritid i Bergen. Disse syklene ble etter en tid returnert da de ikke holdt den kvaliteten som en kunne forvente. Vi ble enige med leverandør , og fikk refundert alle utgifter. Vi gikk så til innkjøp av 5 stk nye spinningsykler. De ble levert av Sport1 i Rosendal. I dag har vi 12 sykler til disposisjon for sykkelgruppen i tillegg til en reservesykkel. Aktiviteten er stor på spinning, og det er totalt rundt 80 personer innom lokalene på Løfallstrand hver uke. Dette genererer gode inntekter for Idrettslaget. Deltagelsen i lokale ritt har vært svært dårlig, så her må eb finne måter å jobbe på for å få aktiviteten opp.

Turrittet Bergen-Voss ble i 2010 gjennomført med rekorddeltagelse. Fra OIL fullførte følgende: May-Britt Albretson, Ragnhild Næs, Annbjørg Enæs, Sveinung Eskeland, og Leif K. Kongestøl. Ole Gunnar Nes har deltatt i ritt i kretsen og hevdet seg bra. Vi nevner ”Harding-Rittet” ( Utne –Lofthus) og Siggjo rundt på Bømlo. Styret i Sykkelgruppa vil jobbe med å få tak i sponsor for sykkelgruppen. Det er viktig for å få aktiviteten opp på et høyere nivå. I 2010 har Reidun Nerhus, Olav Sandvik og Annbjørg Enæs sittet i styret i Sykkelgruppa.

Løfallstrand 15.01.2010

For Sykkelgruppa: Annbjørg Enæs

 

TURNGRUPPA:

Aktiviteten i turngruppa har vore god.

Barnetrimmen er oppdelt i fire aldersgrupper:

0-3 år-I vår deltok 10 barn på denne gruppa 1 time pr. veke. Leiar Møyfrid Guddal. I haust har 16 barn delteke 1 time annakvar veke. Leiarar Elisabeth B Hass og Anne Ruth Lekva.

3-5 år-20 barn deltek på denne gruppa 1 time pr. veke. Leiarar vår: Solveig Hus, Margit Omvik, Randi S Olsen og Vigdis Olsen. Leiarar haust: Elisabeth Haugse, Anita O Falk og Møyfrid Guddal. 1.-3. kl.- 20 barn deltek på denne gruppa 1 time pr. veke. Leiarar vår: Gry Paulsen, Annlaug Guddal, Bodil Oppheim og Ranveig Helleland. Leiarar haust: Bodil Oppheim, Mariann Søllesvik og Rannveig Hjelmeland. 4.-7.kl.- I vår deltok 20 barn på denne gruppa 1 time pr. veke. Leiarar: Marianne Bjørnebøle, Eli Hjelmeland, Eva Lund og May Britt Albrethson. I haust har vi desverre ikkje fått leiarar til denne gruppa.

Både dame- og herretrimmen har starta opp att i haust! 15 damer trenar 1 time pr. veke. Leiar Hilde Olderkjær. 8 menn trenar 1,5 time pr. veke. Leiar Frank Søllesvik.

Vi vil takke alle leiarar/trenarar og aktive for flott innsats i 2010!

Helsing turngruppa

Rannveig Hjelmeland

Bodil Oppheim

Møyfrid Guddal

 

Årsmelding for Omvikdalen Idrettslag 2010 

TURGRUPPA:

Fjelltrimmen:

Da har vore ein oppgang dette året totalt på toppane, 1692 personar har skrive seg inn i bøkene. 37 personar har fullført kravet til merke som er 5 klypp eller meir. Dei som har krav på medalje, vil få denne tilsendt i posten.

Antall besøkande:

               2007 2008 2009 2010

Kviteggi     778    879 1030 1024

Kvanto      145    160  137   165

Skorafjell     41   47    57      62

Tverrfjell    105   90    85    110

Gråfjell        73   102   78      85

Tverfjell      76   122    91    100

Nonshaug    90   180  147    146

TOTALT    1308 1580 1625 1692

Liatrimmen :

Liatrimmen har hatt ein nedgang i år. Det viser tala nedenfor, med 3931 besøk.

Bøkene for Liatrimmen viser

Antall Besøkande:

                    2008 2009 2010

Aterstad         2169 1992 2508

Bergalivegen      301 223 160

Høgåsen          1945 2336 1263

Totalt              4415 4551 3931

Ilage Energi:

• Boka som er lagt ut for Ilage Energi ”oppå kanten” ved inntaket deira, har hatt 578

besøkjande.

• Her er det laga ein kasse som boka ligg i. Kassen heng på veggen på inntakshuset.

• Ilage Energi har gitt 1500 kr i stønad til Omvikdalen idrettslag.

Aterstadtrimmen:

• Denne vart gjennomført sundag 26.09. Været var brukbart, og 70 deltok.

• Påmeldinga vart satt frå 10:30 – 11:30

Vedlikehald:

• Vi har frisket opp merkinga på ein del av stiane til Tverrfjell og Skorafjell. Her er også

skiltinga flytta litt på.

Nye skilt :

• Visitsunnhordland med Karen Løfall i spissen har fått laga nye skilt for heile kommunen. Vi

har satt opp desse for Kviteggi, Kvanto, Aterstad, Tverrfjell og Nonshaug.

• Du finner masse flotte turar under

http://www.visitsunnhordland.no/no/AKTIVITETAR/Vandring/

Nissemarsj:

• Heilt på slutten av året arrangerte vi Nissemarsj for Noregs gang og mosjonsforbund.

• 87 stk gjekk marsjen 4 stk som laga bål og kokte kakao i skulen.

Turgruppa har hatt eit møte i år. Pluss ein del ”telefonmøter”.

Takk til Kjersti B. Øvsthus, Jorunn Ripel og Odd Karsten Huse i turgruppa, for vel utført arbeid.

Helsing

For turgruppa

Gunnar Helleland

Årsmelding for Omvikdalen Idrettslag 2010

 

ØKONOMIGRUPPA:

Økonomigruppa har i år organisert loddsal i høve til julematine, søkt om samarbeidsavtale

med Sparebank1 Kvinnherad, søkt SKL om sponsorstøtte, samt samla inn gevinster til julematine. Det har ikkje vore parkeringsvakter i Fjellhaugen i år.

Samarbeidsavtalen med Sparebank1 Kvinnherad gjer i år som i fjor 12 000,-

Vi søkte også SKL om sponsormidler, dette gav oss 12 000,- Felleskjøpet og Kvinnherad Bygg fortjener ekstra ros, som år etter år gjev flotte gevinster til julematineen. Det blir i tillegg handla for ca 1500,- hos kvar av dei. Etter en kjapp ringerunde til dalens næringsliv, fekk vi inn 7500,- i penger til gevinster, noko som viser at det kanskje er litt meir å hente her til generell sponsing om vi gjer en eksra innsats. Loddsalet i høve til julematine er i år utført av vaksne, samt at det vart selt lodd på Spar Seimsfoss og på Spar Rosendal.

Verdt å ta med seg til neste år er å få loddbøker ut tidligere, august/september, samt å intensivere loddsal på Seim og Rosendal. Det er meir effektivt å selje lodd på butikk enn å gå rundt på husa. Men vi må nok likevel gå på husa for å få mest mulig ut av lotteriet.

Økonomigruppa bestod i år av:

Vegard Hjelmeland

Ann Kristin Huke

Gjert Inge Søllesvik

Perane 12.01.2011

Vegard Hjelmeland

 

GRUPPA FOR TILBYGG:

Gruppa har etter anbefalning vore stilleståande i 2010.

Etter samtale med Kvinnherad Kommune og Sissel Aarseth så har dette no endra seg.

Pga stor søknadsmengde på tippemiddlar så vert ferdigstillte og igangsette prosjekt prioriterte. Vi i gruppa kjem no til å ta tak i saka igjen og begynne å jobbe for fullt for å kartlegge dei reelle kostnadane, slik at styret kan ta stilling til om dette er noko idrettslaget i førsteomgang finansiere sjølve. Vi i gruppa kjem til å lage et komplett oppsett iløpet av vinteren, så må styret avgjere om dette må lagast et ekstraordinert årsmøte på til våren. Vi har i fleire år søkt om tippemiddlar, seinast i år. Vi ligg no på 7 plass og Aarseth meinte da var langt fram til å bli prioritert så lenge vi ikkje var komen i gang.

Så uansett bør da umiddelbart ordnast avtale med grunneigar (som var positiv) og settast i gang med byggesøknad.

For gruppa

Frank Søllesvik ☺☺

 

IDRETTSMERKEUTVALGET:

I 2010 var det 9 personar som fullførde krava til Idrettsmerke. Vi har hatt 5 samlingar – vår og haust. Å ta Idrettsmerke er ein fin måte å teste eigen form. Alle over 16 år kan delta. Krava varierer i dei ulike aldersgruppene for kvinner og menn.

Ein må bestå ein øvelse i kvar av gruppene: Trim, Spenst, Styrke, Hurtighet og Utholdenhet.

Desse har fullført krava i 2010:

Marie Eik Nygård 46 g.

Magne Enæs 34 g.

Karen Steinsletten 30 g.

Stig Dagfinn Tveiten 14 g.

Jan Egil Apeland 11 g.

Kristine B. Hestad 9 g.

Ellen Korsvold 7 g.

Anna K. Hellevang 6 g.

Jan Fosse 2 g.

Karen Steinsletten får Miniatyrstatuett forgylt og Kristine B. Hestad får Idrettsmerke i Gull.

For Idrettsmerkeutvalget

Elin og Magne Enæs

 

IKKJE DYTT:Årsmelding er ikkje motteke. Styret er informert om at da ikkje har vore nokon aktivitet dette året-

 
 
 
Klikk på bilete for full storleik
 
 
  Tilbake

 
Eldre nyhende
02.01.2020
Årsmøte Oil 2019

Det vert årsmøte i idrettslaget torsdag 20.februar 2020
kl 20:00 i omvikdalen skule ( skulekjøkenet)


                    Styret
Les meir
30.05.2016
Sponsing
Tusen takk til Kvinnherad energi for flott gåve!
Les meir
30.05.2016
Idrettsmerke
Bli med å ta idrettsmerke!
Les meir
Samarbeidspartnere
Dynamiske websider utviklet av: iDrift AS