|
|
Styringsdokument Omvikdalen Idrettslag(Godkjent - ekstraordinært Årsmøte 22.11.2018) |
|
Innholdsfortegnelse1.Innleiing 2.Styringsprinsipp -Hovudstyre -Gruppeleiarar -Kompensasjonsreglar 3.Medlemskontingent 4.Treningsavgift 5.Reisegodtgjersle og Startkontingent -I kommunen -Innanfor Hordaland Krets -Utanfor Hordaland Krets |
|
|
|
1. Innleiing Dette dokumentet omtalar retningslinjene for Omvikdalen Idrettslag. Her finn ein oversikt over styringsprinsipp, prisar og treningssatsar, retningslinjer for reisegodgjersler, refusjonsordningar m.m. |
|
|
|
2. Styringsprinsipp Hovudstyre Kasserar / leiar skal ha eit pengeskrin med kr. 2.000,- i vekslepengar. Der kan gruppene gå å låna / levera tilbake. Kasserar må alltid sjå at det er småpengar i skrinet. |
|
Gruppeleiarar Gruppeleiarar skal gå tjenestevei om det er noko spesielt som foregår i gruppene. Ta kontakt med hovedstyre. |
|
Gruppeleiarane kan kjøpa inn utstyr for inntil kr. 2.000,-. Innkjøp utover denne grensa skal fyrst klarerast med hovudstyret. |
|
Spinning har eit pengeskrin med kr. 500,- i til vekslepengebruk. Skal fylgja ny leiar for spinning heile tida. |
|
Kompensasjonsreglar Hovudstyre: Leiar i hovudstyre får kr. 1.000,- i året til dekning av utgifter som kjøyring, telefon og liknande. |
|
Ski: Trenarar i skigruppa får gratis parkering og løypeavgift i Fjellhaugen Skisenter. |
|
Turn:
Leiar i turngruppa får kjøpe treningsklær/dekking av tlf utgifter etc for kr 2000,- pr aktivitetsår ( haust+vår - fylgjer skuleåret).
pr aktivitetsåreiar i turngruppa får treningsklær/dekking av tlf utgifter etc for kr 2000,- pr aktivitetsår (haust+vår- fylgjer skuleåret) Gruppeleiarar og andre: Dersom nokon har store utgifter (telefonutgifter etc.), kan desse refunderast ved at ein sender rekning til hovudstyre. |
|
|
|
3. Medlemskontingent Medlemskontingenten fylgjer kalenderåret. Kontingenten for aktuelt år sendes ut i Mars. Til nye medlemmer gjennom året sendes medlemskontingent ut fortløpande. |
|
For å vera stemmeberettiga på Årsmøte må medlemskontingent for aktuelt år vera betalt seinast 1 månad før Årsmøte. Årsmøte avholdes vanligvis i Januar påfølgjande år. |
|
|
|
|
|
Lagleiar/trenarar/styremedlem 100,- Alle o/17år 450,- |
|
|
|
5. Reisegodtgjersle og Startkontingent I kommunen Reisegodtgjersle Born betalar kr. 20,- ved transport til trening, løp og renn. Gruppeleiarar/trenarar må orientera borna / pårørande om denne betalinga, som skal betalast til sjåføren. |
|
Startkontingent Barneskirenn: Må betala startkontingenten sjølve. Merkerenn og klubbmeisterskap: Må betala startkontingenten sjølve. Andre renn: Alle deltakarane under 17 år får dekka startkontingent. Når det gjeld deltakarar over 17 år vert kontingenten dekka dersom det er tidtaking. |
|
Innanfor Hordaland Krets Reisegodtgjersle Kilometergodtgjersle: Kr. 2,- for personbil, kr. 2,50 for stor bil (meir enn 5 seter). Må prøva å samla seg i færast bilar. Alle aktive betaler kr. 50,- til sjåføren. Ferje og bompengar blir dekka av laget. Overnatting: Dersom det er nødvendig med overnatting, kan deltakar søkja om å få dekka inntil kr. 300. Trenarar / leiarar få dekka inntil kr. 600. Antall trenarar / leiarar må avklarast med styret på førehand. Reiserekning skal sendast gruppeleiar til gjennomsyn og godkjenning. Gruppeleiar sender vidare til kasserar som og må sjå gjennom og godkjenna for utbetaling. Reisegodtgjersle vert kunn gitt dersom rennet er oppsett av lagleiar. innsending av reiserekningar skal sendast til lagleiar innan 15. februar og 15.april.
|
|
|
|
|
|
|
|
Startkontigent Startkontingent: Under 17 år eller student, blir dekka av laget. Over 17 år, blir dekka av laget med inntil kr. 300,- dersom det er tidtaking. |
|
|
|
Utanfor Hordaland Krets Det vert sett av 10 000 kr årleg for dekking av kompensasjon for deltaking på konkurransar utanfor hordaland krets. Dei som deltek kan søkje styret om støtte. Styret vil så fordele mellom innkomne søknader.
|
|
|
|
|
|
|
|