Årsmøtereferat 2008 |
|
|
|
Referat etter årsmøtet 06.01-09
|
|
Innkalling: godkjent
Skrivar: Eli Hjelmeland
Ordstyrar: Eli Margrethe Oppheim
|
|
Kom inn forslag om at to utanom styret skal skrive under på referatet etter årsmøtet.
Enighet. Det er Svein Hjelmeland og Olav Gunnar Hjelmeland.
|
|
Årsmeldingane:
|
|
Styret: godkjent Det er lite medlemmar. Vi er ikkje ajour med medlemslista . Den har hengt seg opp i dataen. Må registrera gamle og nye medlemmar opp igjen. Eli Margrethe og ei anna bestemor vil no gå frå dør til dør for å verva medlemmar.
|
|
Ski: godkjent
Fått til meir samarbeid mellom bygdene når det gjeld trening i fjellet. Veldig bra.
|
|
Sykkel: godkjent
|
|
Turgruppa: godkjent
|
|
Ikkje dytt: godkjent
|
|
Idrettsmerkeutval: godkjent
|
|
Turngruppa: godkjent
|
|
Rekneskap:
hovedgruppa: ok
Skigruppa: manglar inntekter på eit par renn.
Sykkel: manglar reiserekningar.
Friidrett: godkjent
Turngruppa: treningsavgifta er ikkje kommen med.
Turgruppa: godkjent
rekneskapet er godkjent
|
|
Valnemda: har gjort ein kjempejobb i år. Får ros frå leiar.
|
|
Sykkelgruppa: godkjent
Leiar vil kalla alle i sykkelgruppa inn til fyrste styremøte. Må prøva å få ein leiar i gruppa.
|
|
Kontigentar/løyvingar: blir som før.
|
|
Treningsavgifter: blir som før.
|
|
Goder: blir som før.
Styret har bestemt at instruktøren for aerobic skal få same godene som spinning-instruktørane. - kjøpe treningsklær for inntil kr. 1000,- Godkjent
|
|
Politiattest: Alle som trenar eller har med born å gjere i lag og organisasjonar skal no ha politiattest. Dette syt styret og gruppeleiarane for at alle som skal ha det – får det.
|
|
Utbygging av gymsal: Leiar har arbeida med dette i år ilag med rektor på skulen. Har fått to prisoverslag, og teikningar til tilbygget bak gymsalen.
Har ei gruppe som skal arbeide vidare med dette,og det er:
Leiar: Frank Søllesvik
Frå skulen: Bjørn Rune Bergane
Kasserar: Terje Øvsthus
Styremedlem: Raymond Olsen
|
|
Årsmøtet er heva.
|
|
|
|
Svein Hjelmeland og Eivind Tvedt vil gje ei gåve til laget.
Ilaget Energi A/S vil gje ei gåve på kr. 1500,-. Har ynskje om at turgruppa legg ut ei ny bok i «liatrimmen» på «kanten»– enden på skogsvegen deira. Dei ser at det er mange som brukar vegen, og synest det er positivt. Dei har sett opp bord og benkjer der, og ynskjer at dei som brukar denne vegen også skal bli premierte.
Flott tiltak. Tusen takk.
|
|
Frank Søllesvik har fått spørsmål frå Ståle Jonasen om dei kan starte opp ei miniputt-gruppe her i laget. Det er nokre gutar og jenter som har lyst å spela fotball, men som synest det er litt skummelt å reisa til Rosendal å spela, så då let dei det vere.
Det er born mellom 5 og 7-8 år. Han har fått med seg fleire trenarar.
Dette er veldig positivt. Flott Ståle.
|
|
Annbjørg Enes seier at det er nokre som har sett seg opp på spinning om kveldane som ikkje kjem. Utan å gje beskjed. Det er dårleg for gruppa , då taper dei pengane, og det er mange som står på venteliste som skulle fått denne timen- som ikkje får den muligheten.Kva gjer ein med dette? Kan ein kreve betaling når dei ikkje kjem utan å gje beskjed når dette skjer fleire gonger etterkvarandre? Er det lov?
Prøva å setje opp eit skriv i spinningrommet fyrst kanskje.Ta det opp ?
Ha forhandsbetaling på ei månad i slengen?
|
|
For OIL 08.01-09 Eli Hjelmeland |
|
|
|
|
|