Framsida
Hovudside
Styret i OIL
Vedtekter
Styringsdok.
Møter OIL
Årsmøte Oil 2020
Årsmøte Oil 2019
Årsmøte 2018
Årsmøte 2017
Årsmøte 2016
Årsmøte 2015
Årsmøte 2014
Årsmøte 2013
Årsmøte 2012
Årsmøte 2011
Årsmøte 2010
Årsmøte 2009
Årsmøte 2008
Kontakt oss
Resultatlister
Ski
Friidrett
Idrettsmerke
Tur
Turngruppa
Økonomigruppa
Ikkje Dytt
Valnemd
Nyhende
Kontakt oss
Kontakt person finn du under dei forskjellige gruppene.

Tid og stad: Omvikdalen skule, 24.01.12 

 

Tilstades: Annbjørg E, Ann Helen Lyngnes, Linda Hjelmeland, Marie Saghaug, Kjetil Mehl, Svein Hjelmeland, Nina Elin Hauge, Vegard Hjelmeland, Jan Egil Apeland, Stig Dagfinn Tveiten, Stig Omvik, Jonny Flatebø, Atle Falk, Olav Gunnar Hjelmeland, Gunn Berit S.Fosse, Anne Ruth Lekva.  

Ordstyrar: Svein  

Skrivar: Anne Ruth 

 

Jan Egil Apeland og Kjetil Mehl skal signere årsmøte-protokollen. 

 

Svein ynskjer velkommen til årsmøtet

  • Innkalling- ingen merknadar
 

 Årsmeldingar:

  • Styret: Godkjent utan merknadar
  • Turngruppa: Merknad 1: Det sto ikkje i årsmeldinga kven som har vore med i styret i 2011 . ( Utspel: Svein Hjelmeland ) Svar frå Nina Elin H: Det er Nina Elin H, Solveig H.Hansen og Møyfrid Guddal. Godkjent med merknadar.
  • Sykkelgruppa: Ingen merknadar. ( Sveinung Askeland var ikkje med på turrittet Bergen-Voss 2011, det var feilskreve i referatet)
  • Økonomigruppa: Merknad 1: Skal vi gjere noko meir no ettersom banken er blitt SR-bank/ er det nokre endringar her i forhold kva vi må gjera sidan SR-bank er sponsoren vår? ( utspel: Stig Dagfinn Tveiten ) Svar frå Vegard:  Dei ynskjer meir dialog med oss, og vi skal meir visa kva resultat vi oppnår. Meir logoar etc. Svar frå Jonny: Banken har forståelse for at dette blir litt annleis her, enn i større byar som har større klubbar o.s.v. Godkjent med merknadar.
  • Skigruppa: Ingen møtt. Årsmeldinga frå skigruppa vart skrive på forrige styremøte. Godkjent utan merknadar.
  • Turgruppa: Merknad 1: Veldig synd med så lite oppmøte på ”nissemarsjen”. ( Utspel: Annbjørg E) Svar frå Jan Egil Apeland: Hadde vore annonsa i avisa, men skulle kanskje vore annonsert i barnehagen/skulen på førehand itillegg.. Godkjent med merknadar.
  • Idrettsmerkeutvalet: Merknad 1: Var fokusert litt på at det er dårleg oppmøte her, trass i at ein prøver motivera med gavekort. Godkjent med merknad.

Svein Hjelmeland vil etter dette takka for god innsats i dei ulike utvala 2011.

 

Reknskap ved Jonny Flatebø:  

-Jonny går gjennom reknskapen, informerer om at han har brukt samme mal som førre år, bortsett fra at 2010 rekneskapen inneheld 13 månader. (Desember 2009 er med her også )

  • Han seier at det er eindel fakturaer som eigentleg er for 2010 året, som er blitt belasta kontoen/reknsakpen til O.I.L  no i 2011.
  • Alle i laget fekk 150 kr utdelt ved jul. .
  • Medaljar: her er det kjøpt inn veldig mykje, dette må skigruppa gå gjennom før ein kjøper inn nye.
  • Sponsor avtalen med SR-bank er signert 281211, så dette kjem på konto i 2012.
  • Det er 59 227 ,66 kr i øveskudd i laget pr 090112.
 

 Hovedgrunnen til at omsetjinga har gått ned samanlikna med 2010 er:

  • 13 mnd saken
  • Sponsorpengar som ikkje er komme inn på konto enno     
  • Dobbelbelastning på husaleige ifjord
 

*LAGET HAR IKKJE GJELD.*  

Merknad 1: Veldig ryddig og bra oppsett ( Gunn B.Sandnes Fosse ) 

Merknad 2: Svein H meiner han har medaljar i verdi av 8000 kr liggjande heima. Godkjent med merknadar.  

 

-Tilbygg har ikkje levert inn årsmelding. Papira er i kommunen, Johan Feet jobbar med saken no. Det er ”brann systemet” som tar litt tid, med tanke på teikningane av tilbygget, har Frank Søllesvik meldt inn. 

 

Vedtekter og styringsdokument:  

-Spinning: Er komme forslag frå styret om ei endring her frå ”trenarar på spinning får kjøpe treningsklær for kr 1000,-pr år” til ”trenarar får kjøpe klær pr time pr veke dei har. Altså: ” 2 timar pr veke kan ta ut 2000 kr, 3 timar pr veke kan ta ut 3000 kr til dette osv” Dette er vedtatt.  

-Spørsmål frå Kjetil Mehl: Kvifor er spinning så mykje meir verd, får at ut kle osv?? Svar frå Atle: Det er ikkje det , men er dreve på ein anna måte, med faste treningstider osv.

Svar frå Stig Dagfinn Tveiten: Frivillige folk som stiller opp 2-3 ganger i veka gjennom året som instruktørar, sliter ut eindel klede på dette.   

 

-Styret førslår ingen endringar i reisegodtgjersle.

Ingen merknadar. 

 

-Ingen endringar /merknader angåande medlemskontigenten.

Vi har god økonomi/oppmøte og deltalgelse.  

 

-Fastsetje treningsavgift: Atle Falk om lokale ifh.spinning. Kanskje vi er nødt i framtida og auka spinning avgifta, om /viss vi skal ha bedre og dyrare lokale. Styret får fullmakt frå årsmøtet om å kunne revurdere treningsavgifta , om det er slik at ein ser seg nødt til det pga nye dyrare lokale.

Merknad 1: Om ein skal gjere dette, må ein tenkje nøye gjennom det fyrst ( Stig Dagfinn T  og Annbjørg E )

Svar fra Atle F: Ein vil uansett drøfta det i styret i sykkelgruppa fyrst om det blir aktuelt, årsmøtet treng berre ei opning for at dette skal la seg gjera.

Merknad 2: Sentralisering til Rosendal kan ha mykje å sei, meir attraktivt. ( Linda Hjelmeland ) Karlegging er uansett viktig her. ( Gunn B S.Fosse )

Merknad 3:Lokale på Løvfall er ikkje bra. ( Jonny F )

Merknad 4: Atle Falk meiner oppmøte og deltakelse er vigtigast, men at vi må ikkje tapa penger på dette kvart år.  

Forslag 1: Klyppekort forbeholdt medlemmar ( Forslag frå  Linda H ) Godkjent og vedtatt.  

Forslag 2: Fullmakt til styret om å auka kontigenten om dette blir naudsynt- i samråd med sykkelgruppa. ( Forslag frå Atle Falk ) Godkjent og vedtatt.  

 

Valnemnda:

Leiar : Svein Hjemeland blei klappa inn i år og ! 

Turngruppa skal  prøva ein ny vri i år, dei skal vera 3 stk ilag om jobben ( ingen bestemt leiar) Dei skal bytte på styremøtene, og styre denne gruppa ilag.

Merknad 1: Kunne vore lurt å delt opp slik at nokre hadde ansvar for barnetrimmen, ein for dametrimmen osv. Ha småmøter saman. ( Forslag frå Nina Elin H )NB ! Her er to av personane som er satt opp til denne 'trekløvaren' ikkje spurt om dette. ( Solveig Hus Hansen og Diana Ousdal,dei må nok tenkje litt på det. ) Atle Søllesvik har sagt han vil bli med i skigruppa.Vi treng ein administrator for leiar i skigruppa. Hadde vore  bra med 1 dag i veka med skileik. -Andre nye folk i dei ulike gruppene som valgnemda har lagt opp til , vart godkjent på årsmøtet. Dette blir lagt ut på heimesida til O.I.L./ dei nye endringane. Idear framøve:  

  • Firmavataler iforhold spinning ? Schat Harding og kommunen kan vera interesserte.
 

- Stig Omvik meiner ein bør tenkje litt på om det er lurt med resultat/  med tida i avisa. Dette var utspel få nokre foreldre i Rosendal, som hadde barn som vegra seg for å gå skirenn pga dette.  

 
 

For O.I.L Anne Ruth Lekva 

 
 
 
 
 
  Tilbake

 
Eldre nyhende
02.01.2020
Årsmøte Oil 2019

Det vert årsmøte i idrettslaget torsdag 20.februar 2020
kl 20:00 i omvikdalen skule ( skulekjøkenet)


                    Styret
Les meir
30.05.2016
Sponsing
Tusen takk til Kvinnherad energi for flott gåve!
Les meir
30.05.2016
Idrettsmerke
Bli med å ta idrettsmerke!
Les meir
Samarbeidspartnere
Dynamiske websider utviklet av: iDrift AS