Framsida
Hovudside
Styret i OIL
Vedtekter
Styringsdok.
Møter OIL
Årsmøte 2018
Årsmøte 2017
Årsmøte 2016
Årsmøte 2015
Årsmøte 2014
Årsmøte 2013
Årsmøte 2012
Årsmøte 2011
Årsmøte 2010
Årsmøte 2009
Årsmøte 2008
Kontakt oss
Resultatlister
Ski
Friidrett
Idrettsmerke
Tur
Turngruppa
Økonomigruppa
Ikkje Dytt
Valnemd
Nyhende
Kontakt oss
Kontakt person finn du under dei forskjellige gruppene.
Årsmøtereferat 2008
 
 

              Referat  etter årsmøtet 06.01-09

 

         Innkalling: godkjent

         Skrivar: Eli Hjelmeland

         Ordstyrar: Eli Margrethe Oppheim

 

Kom inn forslag om at  to utanom styret skal skrive under på referatet  etter årsmøtet.

Enighet. Det er Svein Hjelmeland og Olav Gunnar Hjelmeland.

 

Årsmeldingane:

 

Styret: godkjent                                                                                                                         Det er lite medlemmar. Vi er ikkje ajour med medlemslista . Den har hengt seg opp i dataen. Må registrera gamle og nye medlemmar opp igjen. Eli Margrethe og  ei anna bestemor vil no gå frå dør til dør for å verva medlemmar.

 

Ski: godkjent

Fått til meir samarbeid mellom bygdene når det gjeld trening i fjellet. Veldig bra.

 

Sykkel: godkjent

 

Turgruppa: godkjent

 

Ikkje dytt: godkjent

 

Idrettsmerkeutval: godkjent

 

Turngruppa: godkjent

 

Rekneskap:

hovedgruppa: ok

Skigruppa: manglar inntekter på eit par renn.

Sykkel: manglar reiserekningar.

Friidrett: godkjent

Turngruppa: treningsavgifta er ikkje kommen med.

Turgruppa: godkjent

         rekneskapet er godkjent

 

Valnemda: har gjort ein kjempejobb i år. Får ros frå leiar.

 

Sykkelgruppa: godkjent

Leiar  vil kalla alle i sykkelgruppa inn til fyrste styremøte. Må prøva å få ein leiar i gruppa.

 

Kontigentar/løyvingar:  blir som før.

 

Treningsavgifter: blir som før.

 

Goder: blir som før.

Styret har bestemt at instruktøren for aerobic skal få same godene som spinning-instruktørane. - kjøpe treningsklær for inntil kr. 1000,- Godkjent

 

Politiattest: Alle som trenar eller har med born å gjere i lag og organisasjonar skal no ha politiattest. Dette syt styret og gruppeleiarane for at alle som skal ha det – får det.

 

Utbygging av gymsal: Leiar har arbeida med dette i år ilag med rektor på skulen. Har fått to prisoverslag, og teikningar til tilbygget bak gymsalen.

Har  ei gruppe som skal arbeide vidare med dette,og det er:

Leiar:         Frank Søllesvik

Frå skulen: Bjørn Rune Bergane

Kasserar: Terje Øvsthus

Styremedlem: Raymond Olsen

 

Årsmøtet er heva.

 
 

Svein Hjelmeland og Eivind Tvedt  vil gje ei gåve til laget.

Ilaget Energi A/S vil gje ei gåve på kr. 1500,-. Har ynskje om at turgruppa legg ut ei ny bok  i «liatrimmen» på  «kanten»– enden på skogsvegen deira. Dei ser at det er mange som brukar vegen, og synest det er positivt. Dei har sett opp bord og benkjer der, og  ynskjer at dei som brukar denne vegen også skal bli premierte.

Flott tiltak. Tusen takk.

 

Frank Søllesvik har fått spørsmål frå Ståle Jonasen om dei kan starte opp ei miniputt-gruppe her i laget. Det er nokre gutar og jenter som har lyst å spela fotball, men som synest det er litt skummelt å reisa til Rosendal å spela, så då let dei det vere.

Det er born mellom 5 og 7-8 år. Han har fått med seg fleire trenarar.

Dette er veldig positivt. Flott Ståle.

 

Annbjørg Enes  seier at det er nokre som har sett seg opp på spinning om kveldane som ikkje kjem. Utan å gje beskjed. Det er dårleg for gruppa , då taper dei pengane, og det er mange som står på venteliste som skulle fått denne timen- som ikkje får den muligheten.Kva gjer ein med dette? Kan ein kreve betaling når dei ikkje kjem utan å gje beskjed når dette skjer fleire gonger etterkvarandre? Er det lov?

Prøva å setje opp eit skriv i spinningrommet fyrst kanskje.Ta det opp ?

Ha forhandsbetaling på ei månad i slengen?

 

For OIL 08.01-09                            Eli Hjelmeland

 
 
 
  Tilbake

 
Eldre nyhende
30.05.2016
Sponsing
Tusen takk til Kvinnherad energi for flott gåve!
Les meir
30.05.2016
Idrettsmerke
Bli med å ta idrettsmerke!
Les meir
11.01.2016
Årsmøte 2015

Tysdag 2. februar 2016 kl. 19.30 i Omvikdalen Skule.
Sakspapira er no klare.
Les meir
Samarbeidspartnere
Dynamiske websider utviklet av: iDrift AS