Framsida
Hovudside
Styret i OIL
Vedtekter
Styringsdok.
Møter OIL
Årsmøte Oil 2020
Årsmøte Oil 2019
Årsmøte 2018
Årsmøte 2017
Årsmøte 2016
Årsmøte 2015
Årsmøte 2014
Årsmøte 2013
Årsmøte 2012
Årsmøte 2011
Årsmøte 2010
Årsmøte 2009
Årsmøte 2008
Kontakt oss
Resultatlister
Ski
Friidrett
Idrettsmerke
Tur
Turngruppa
Økonomigruppa
Ikkje Dytt
Valnemd
Nyhende
Kontakt oss
Kontakt person finn du under dei forskjellige gruppene.
Årsmøte referat 2010
 

Referat frå årsmøte i Omvikdalen Idrettslag

Tid og stad: Omvikdalen skule, 18.01.11

Tilstades: 19

Ordstyrar: Eli Margrethe

Skrivar: Elisabeth

 

Eli Margrethe ønskjer velkommen til årsmøte.

·         Innkalling – Merknad 1: Årsmøtepapira/sakslista burde har vore tilgjengeleg på heimesida tidlegare enn dagen før. Merknad 2: Det stod ikkje kor årsmøtet skulle vera i annonsa/innkallinga. Innkallinga godkjent med merknadar.

 

Årsmeldingar:

·         Styret: Godkjent utan merknadar

·         Sykkelgruppa: Godkjent utan merknadar

·         Turngruppa: Godkjent utan merknadar

·         Turgruppa: Merknad 1: Det skiltet oppe ved Landa som viser veg opp til Aterstad, der står det ingenting om Skorafjell. Kvifor? Svar frå Gunnar: Den ruta er mest for folk som er kjente med, den turen. Merknad 2: I hovudstyret si årsmelding står det at det var 85 nissemarsjdeltakarar, i turgruppa si står det 87. Kva er rett? Turgruppa si er nok den rettaste, 85 var eit tal vi henta frå heimesida til Kvinnheringen. Godkjent med merknadar.

·         Økonomigruppa: Merknad 1: Skal vi ha SKL-logo då dei har sponsa oss? Vegard: Dei har ikkje bedd om noko att, dei berre gav oss beskjed om at vi får pengar og det var det. Merknad 2: Er det mogleg å få midlar frå fond som Sparebank 1 SR-bank har til utdeling? Jonny: Har ikkje sett meg inn i reglane for dette fondet, men det er mogleg at ein kan få det. Godkjent med merknadar.

·         Idrettsmerkeutvalet: Godkjent utan merknadar.

·         Skigruppa: Årsmeldinga har ved ein feil ikkje kome med i årsmøtereferatet, så Vemund les det opp. Merknad 1: Det var ikkje Johannes Hjelmeland som var beste herre i klubbrennet, slik det står i referatet, det var Kjetil Mehl. Merknad 2: Noko vi kan gjera for å få opp aktiviteten i skigruppa? Forslag: Ein versjon av Aterstad-trimmen på ski? Barnegrupper? Rullerande trenaransvar? Trening for vaksne òg, skapa eit miljø. Bruktbørsen? Det viktigaste er at vi får folk til fjells. Ein bør byrja med enkle treningsøkter, ikkje heseblesande. Det bør vera lagtrening, slik at ingen vert gåande åleine bak i løypa. Merknad 3: Kan skigruppa utvidast til å verta større? Nei, dei skal ikkje vera meir enn tre, men kan sjølvsagt ta med seg så mange dei vil i arbeidet. Godkjent med merknadar.

·         Gruppa for tilbygg: Merknad 1: Eit tilbygg er ein viktig sak for idrettslaget. Syklane bør koma heim, finansiering bør koma i orden på eit eller anna vis. Godkjent med merknad.

·         ”Ikkje dytt”: Årsmelding ikkje motteke frå desse. Merknad frå Eli Margrethe: Laget er pålagt å ha ei slik gruppe, men her er ingen aktivitet hos oss. Det har vi ikkje fått til.

 

Rekneskap:

Jonny leser opp, og fortel at han har gjort ein endring slik at rekneskapet frå no av følgjer kalenderåret. Det er heilt greitt å gjera det på den måten, seier Olav. Merknad 1: Er det slutt på at sykkelgruppa har ei kasse med 500 kroner i? Annbjørg: Eg har det ikkje fysisk, men det er fullt mogleg å laga det til om eg skulle ha behov for det. Behovet eksisterar ikkje pr i dag. Merknad 2: Kostnadssummen frå året før, kan den koma til syne i rekneskapet? Det er ikkje relevant i år, men sjølvsagt kan den det på eit seinare tidspunkt. Merknad 3: Vi må sjå til  at vi får dei beste rentene. Merknad 4: Vi må bruke meir pengar, vi har god økonomi. Godkjent med merknadar.

 

Val:

·         Merknad frå valnemnda: kan vi få ei medlemsliste til neste gong vi skal ringa rundt? Lettare då. Valnemnda fortel at dei har ei rullerande leiarordning, som fungerer veldig bra. Dei fortel òg at arbeidet med å rekruttera nye til styret og gruppene er utfordrande, særskild leiarverva.

·         Det nye styret og dei nye gruppesamansetningane som valnemnda har lagt opp til, vart godkjent av årsmøtet. Sjå vedlegg.

·         Valnemnda hadde ikkje fått tak i ny leiarkandidat til styret på førehand, då Eli Margrethe hadde gjeve beskjed om at ho tenkte å gje seg. Svein Hjelmeland blei føreslege under årsmøtet, og etter at han hadde tenkt seg om litt, sa han seg villig til å ta vervet. Han blei dermed klappa inn som ny styreleiar.

 

Kontingent:

·         Merknad 1: Der det står at ein må gå til styret om ein ønskjer å delta utanfor kretsen, burde det ikkje vore nok at gruppeleiar avgjorde dette? Ein må gje gruppeleiar meir tillit. Det blir ikkje gjort endringar på dette i styringsdokumentet i denne omgang, kan føreslå som sak til neste årsmøte.

·         Merknad 2: Skal ein fjerna treningsavgift på ski i år for å få opp aktiviteten her? Årsmøtet bestemmer at avgifta vert ståande, men at ein ikkje sender rekning på dette i 2011.

 

Innkomne forslag:

·         Kanskje ein kan laga ei budsjettramme for kvar gruppeleiar som dei kan handla fritt innanfor? Svar frå Eli Margrethe: Dette har vore prøvd før, utan hell. Årsmøtet vert samde om å tenka litt på det, og eventuelt ha det som sak til neste årsmøte.

·         Til neste årsmøte, kanskje ein kan laga eit arbeidsprogram/handlingsplan for året som kjem. Lurt, seier årsmøtet.

 
 

Signert utgåve ligg hos styret.

 
 
 
  Tilbake

 
Eldre nyhende
02.01.2020
Årsmøte Oil 2019

Det vert årsmøte i idrettslaget torsdag 20.februar 2020
kl 20:00 i omvikdalen skule ( skulekjøkenet)


                    Styret
Les meir
30.05.2016
Sponsing
Tusen takk til Kvinnherad energi for flott gåve!
Les meir
30.05.2016
Idrettsmerke
Bli med å ta idrettsmerke!
Les meir
Samarbeidspartnere
Dynamiske websider utviklet av: iDrift AS