Framsida
Hovudside
Styret i OIL
Vedtekter
Styringsdok.
Møter OIL
Årsmøte Oil 2020
Årsmøte Oil 2019
Årsmøte 2018
Årsmøte 2017
Årsmøte 2016
Årsmøte 2015
Årsmøte 2014
Årsmøte 2013
Årsmøte 2012
Årsmøte 2011
Årsmøte 2010
Årsmøte 2009
Årsmøte 2008
Kontakt oss
Resultatlister
Ski
Friidrett
Idrettsmerke
Tur
Turngruppa
Økonomigruppa
Ikkje Dytt
Valnemd
Nyhende
Kontakt oss
Kontakt person finn du under dei forskjellige gruppene.
Årsmøte referat 2009
 

Referat frå årsmøte 2009 i Omvikdalen Idrettslag

Tid og stad: Onsdag 21.01.10 kl 19.30 på Omvikdalen skule

Tilstades: 19 personar

1)Innkalling: Merknad 1:Årsmøtet handsamar punktet om vedtekter før valet. Innkalling til årsmøtet godkjent med merknad.

2) Vald ordstyrar: Eli Margrete Oppheim

    Vald referent: Elisabeth Berg Hass

    Vald for signering av protokoll og vedtektar: Olav Gunnar Hjelmeland og Magne Enes

3) Årsmeldingar:

·        Hovudstyret: Merknad 1: Det har kome feil årsmelding på trykk i årsmøtepapira. Riktig årsmelding vert opplese i årsmøtet. Årsmeldinga godkjent utan merknadar

·        «Ikkje dytt»: Merknad 1 - Spørsmål frå gruppa til årsmøtet: ­- Responsen på gruppa er ikkje stor, og vi kjem ikkje vidare. Skal vi likevel halda fram som gruppe? Årsmøtet kjem fram til at gruppa bør bestå, då ein er forplikta til å ha ei slik gruppe i idrettslaga, i tillegg til at det er greitt å ha det organisatoriske på plass i tilfelle etterspurnaden skulle bli større etter kvart. Dei som sit i gruppa har ikkje uttrykt ønskje om å slutta, heller. Årsmeldinga godkjent med merknader.

·        Turgruppa: Merknad 1: Ilage Energi har i 2009 sponsa turgruppa med 1500 kroner, dette for at gruppa skal ta seg av merking og bøker ved turstien oppe ved inntaket deira. Merknad 2: Løypene oppe ved Ilage Energi bør merkast betre. Mange nyttar dei, så her bør det vera mogleg å skriva seg inn fleire stadar så ein får registrert den gode aktiviteten. Årsmeldinga godkjent med merknadar.

·        Økonomigruppa: Merknad 1: Loddseljarane har ikkje vore rundt heile dalen. Merknad 2: Vaktordninga har glidd ut. Mange som melder seg som vakter stiller ikkje når dei har sagt dei skal. Årsmeldinga godkjent med merknadar.

·        Skigruppa: Årsmeldinga godkjent utan merknadar.

·        Sykkelgruppa: Merknad 1: Det er berre 10 av dei 13 syklane som fungerer, og fire av desse fungerer så dårleg at dei nesten ikkje er brukande. Fleire vurderer å kutta ut spinninga på grunn av dei dårlege syklane. Det har vorte prøvd å reklamere på syklane, som var eit «kupp» då dei blei kjøpt inn. Årsmøtet ønskjer at kjøpet skal hevast, spinninggruppa skal ha møte dagen etter årsmøtet der dei skal drøfta situasjonen vidare. Årsmeldinga godkjent med merknadar.

·        Idrettsmerkeutvalet: Årsmeldinga godkjent utan merknadar.

·        Turngruppa: Årsmeldinga godkjent utan merknadar.

4) Revidert rekneskap:

·        Hovudgruppa: Merknad 1: Korrigering til administrasjonsutgifter: 18.967,65 kroner. Korrigeringa skuldast eit feilført bilag. Rekneskap godkjent med merknader.

·        Skigruppa: Rekneskap godkjent utan merknadar.

·        Sykkelgruppa: Rekneskap godkjent utan merknadar.

·        Friidrett: Rekneskap godkjent utan merknadar.

·        Turngruppa: Rekneskap godkjent utan merknadar.

·        Turgruppa: Rekneskap godkjent utan merknadar.

·        Tap og vinning totalt: Rekneskap godkjent utan merknadar.

·        Balanse: Rekneskap godkjent utan merknadar.

5) Vedtekter:

·        Dei omsette vedtektene med føreslege tilpassingar vert godkjent. Dei nye og gjeldande er å finna som vedlegg til årsmøtereferatet.

6) Val:

·        Sjå eiget vedlegg over nytt styre og nye gruppemedlemmer.

7) Kontingentar: Følgjande kontingentar er gjeldande etter vedtak på årsmøte:

·        Medlemskontingent:

0-12 år                                                            kr.          50,-

13 år og opp                                                  kr.        100,-

Familiemedlemsskap

(2 vaksne og barn til og med 15 år)            kr.        300,-

·        Treningsavgifter:

Sykkel under 17 år                                        kr.        250,-

Sykkel over 17 år                                          kr.        350,-

Ski under 17 år                                              kr.        250,-

Ski over 17 år                                                kr.        350,-

Turn under 17 år                                            kr.        100,-

Turn over 17 år                                              kr.        150,-

·        Det er vedteke av årsmøtet at om ein er medlem i fleire av dei overnemnte gruppene, betaler ein for den dyraste. For spinning gjeld eigne satsar, der betalar ein for kvar gong ein deltek. Sjølv om spinning administrativt høyrer inn under sykkelgruppa, er det ulike satsar for landevegssykling og deltaking i spinningtimane. Følgjande satsar gjeld for spinning:

For medlemmer:                                           kr.        40,- pr gong

For ikkje-medlemmer                                   kr.        60,- pr gong

Klippekort 10 klipp                                        kr         350,-

Klippekort 20 klipp                                        kr         600,-

·        Reisegodtgjersle: Denne biten vart diskutert på årsmøtet, men vart vedteke å overføra til neste styremøte for utforming og endelege vedtak.

·        Trenar-/leiargodtgjersle: Følgjande satsar for godtgjersler vart vedteke av årsmøtet:

Trenarar på spinning får kjøpa treningsklede for kr 1000,- pr år.

Trenarar på ski får gratis parkering og løypeavgift

Leiarar får godtgjersle på kr 1000,- i året for køyring, telefon og andre utgifter.

Spinning har eit skrin med kr 500,- i vekslepengar. Kasserar eller leiar bør også ha eit slikt skrin med kr 1000,- i vekslepengar.

Styret lurer på om vi skal kjøpa inn ferjekort og klippekort til Folgefonntunnelen? Årsmøtet vedtek at vi ikkje gjer dette.

·        Innkomne forslag:

Forslag frå styret: Ingen bør kjøpa varar for meir enn 2000 kroner utan godkjenning av styret. Vedteke.

Spørsmål frå styret: Angåande «barnepengane» som skal loddast ut på fyrstkomande laurdag: Idrettslaget sa nei til å bidra i år. Kva gjer vi neste år? Årsmøtet vedtek at vi bidreg med 3000 kroner for 2010-barna. 

Tilbygget på gymsalen: Forslag frå Frank Søllesvik: Loddsal der Kvinnherad Bygg loddar ut fire fine premiar. Økonomigruppa gjer ein skikkeleg innsats for å få seld lodd, gjerne frå hus til hus og på butikksentera. Pengane går til tilbygg på gymsalen. Vedteke av årsmøtet.

Tilbyggsstyret ønskjer òg eit eige kontonummer der pengane til tilbygget vert sett inn. Forslag frå styret om å setja inn 100.000 kroner på denne kontoen. Årsmøtet vedtek at ein avventar overføringar til tilbygget til tippemidlane vert tildelte, først då kan ein gå i gong med bygginga uansett. Det vert då innkalla til ekstraordinært årsmøte for å koma raskast mogleg i gong.

 

Protokollen er godkjent og signert den …………………

 

……………………………                        …………………………………..

 

Dei signerte utgåva ligg hos styret.

 
 
 
 
  Tilbake

 
Eldre nyhende
02.01.2020
Årsmøte Oil 2019

Det vert årsmøte i idrettslaget torsdag 20.februar 2020
kl 20:00 i omvikdalen skule ( skulekjøkenet)


                    Styret
Les meir
30.05.2016
Sponsing
Tusen takk til Kvinnherad energi for flott gåve!
Les meir
30.05.2016
Idrettsmerke
Bli med å ta idrettsmerke!
Les meir
Samarbeidspartnere
Dynamiske websider utviklet av: iDrift AS