Årsmeldingar: · Styret: Godkjent utan merknadar · Sykkelgruppa: Godkjent utan merknadar · Turngruppa: Godkjent utan merknadar · Turgruppa: Merknad 1: Det skiltet oppe ved Landa som viser veg opp til Aterstad, der står det ingenting om Skorafjell. Kvifor? Svar frå Gunnar: Den ruta er mest for folk som er kjente med, den turen. Merknad 2: I hovudstyret si årsmelding står det at det var 85 nissemarsjdeltakarar, i turgruppa si står det 87. Kva er rett? Turgruppa si er nok den rettaste, 85 var eit tal vi henta frå heimesida til Kvinnheringen. Godkjent med merknadar. · Økonomigruppa: Merknad 1: Skal vi ha SKL-logo då dei har sponsa oss? Vegard: Dei har ikkje bedd om noko att, dei berre gav oss beskjed om at vi får pengar og det var det. Merknad 2: Er det mogleg å få midlar frå fond som Sparebank 1 SR-bank har til utdeling? Jonny: Har ikkje sett meg inn i reglane for dette fondet, men det er mogleg at ein kan få det. Godkjent med merknadar. · Idrettsmerkeutvalet: Godkjent utan merknadar. · Skigruppa: Årsmeldinga har ved ein feil ikkje kome med i årsmøtereferatet, så Vemund les det opp. Merknad 1: Det var ikkje Johannes Hjelmeland som var beste herre i klubbrennet, slik det står i referatet, det var Kjetil Mehl. Merknad 2: Noko vi kan gjera for å få opp aktiviteten i skigruppa? Forslag: Ein versjon av Aterstad-trimmen på ski? Barnegrupper? Rullerande trenaransvar? Trening for vaksne òg, skapa eit miljø. Bruktbørsen? Det viktigaste er at vi får folk til fjells. Ein bør byrja med enkle treningsøkter, ikkje heseblesande. Det bør vera lagtrening, slik at ingen vert gåande åleine bak i løypa. Merknad 3: Kan skigruppa utvidast til å verta større? Nei, dei skal ikkje vera meir enn tre, men kan sjølvsagt ta med seg så mange dei vil i arbeidet. Godkjent med merknadar. · Gruppa for tilbygg: Merknad 1: Eit tilbygg er ein viktig sak for idrettslaget. Syklane bør koma heim, finansiering bør koma i orden på eit eller anna vis. Godkjent med merknad. · ”Ikkje dytt”: Årsmelding ikkje motteke frå desse. Merknad frå Eli Margrethe: Laget er pålagt å ha ei slik gruppe, men her er ingen aktivitet hos oss. Det har vi ikkje fått til. |